Møte med idrettskrinsane i Vestland og Rogaland

Gjert Smith jr. – rådgiver annlegg og idrettsturisme Rogaland Idrettskrins
Rune Røksund – dagleg leiar & organisasjonssjef Rogaland idrettskrins
Hanne Hedenstad – dagleg leiar Idrettens Olympiade
Tom Tvedt – rådgivar Idrettens Olympiade
Narve Heggheim – anleggs- og utviklingskonsulet i Vestland Idrettskrins
Knut Songve – organisasjonssjef Vestland Idrettskrins 

Nyheter

Det viktigaste for oss er å ha idretten på vårt lag!

16. oktober hadde Idrettens Olympiade møte med idrettskrinsane Vestland og Rogaland, for å drøfte korleis vi best saman kan vidareutvikle samarbeidet oss i mellom, og for å nå målet om eit felles selskap for idretts- og arrangementsturisme på Vestlandet.

Per dags dato er Idrettens Olympiade eigd av Vestland idrettskrins, Bergen idrettsråd og Voss idrettsråd, men vi har som mål å få idrettskrinsane i Møre og Romsdal og Rogaland med på laget, som eigarar. Vi har god dialog og eit godt samarbeid med begge idrettskrinsar, og ser fram til fortsettelsen!

Det viktigaste for oss er å ha idretten på vårt lag, og at idrett-  og arrangementsturisme skal vere ein bærebjelke for Vestlandet i framtida.