Nøktern

Vi skal i hovedsak oppgradera anlegg som eksisterer, eller bygge anlegg som allereie er planlagde på Vestlandet. Alle anlegg og arenaer skal kome lokalbefolkninga og breiddeidretten til gode. Vi skal laga heilårsanlegg for idrett og kultur. Vi skal laga eit miljøvenleg og berekraftig arrangement etter FNs berekraftsmål.

Folkeleg

Vi skal lage folkefest. Alle skal kjenne seg velkomne, ingen skal utelatast. Fulle tribuner og heiagjeng i skogen. Vi skal fremje likeverd, respekt og glede. Paralympiske og olympiske vinterleikar skal samlast i eitt og same arrangement.

Foto: Getty Images

Heile landet

Vi skal tilby paralympiske og olympiske vinterleikar på folket sine premissar. Med oss vil vi ha med heile Noregs befolkning. Uansett om du bur i nord, sør, aust eller vest. Vi ynskjer dine innspel - korleis lagar vi vinterleikar for utøvarar og publikum? Ta kontakt!

Idretten

Paralympiske og olympiske vinterleikar skal koma Idretts-Noreg til gode, også i åra etter. Alle nye bygg skal vere multiarenaer som fleire idrettar kan bruke både sommar og vinter. Vinterleikane vil dermed  skape nye førebilete for unge utøvarar som Lillehammer gjorde i 1994.

Nytenking

Vi skal tenka nytt. Alle i heile Noreg og verda skal få kjenna på den olympiske stemninga. Vi skal levera den stemninga ved å bli verdsleiande på innovasjon innan digitalisering og nye kanalar.