Paralympiske og olympiske leikar tilhøyrer oss, folket

Bakgrunn

Dei olympiske leikane var opphavleg tenkt som ein konkurranse for amatørutøvarar. Venskapleg strid og idrettsglede skulle stå i fokus, under rettferdige omstende. OL skulle vere eit samlande arrangement for både deltakarar og tilskodarar. Alle skulle kunne delta og konkurrere med dei same føresetnadene.

No er det pengane som styrer, den olympiske sjela er forringa og vinterleikane er under press. Tanken og ideen om at idretten er for alle står i fare.

Kva hjelper det å investere i flotte idrettsanlegg- og arenaer, når tribunane står tomme og ingenting av det blir brukt i ettertid?

Kva hjelper det å snakka om likeverd, rettar og samhald, når dei vinterleikane stadig blir lagt til land som er meir opptekne av å vise musklar enn å fremje venskapleg idrettsglede?

Folkefesten og idrettsgleda har samla heile det norske folk år etter år. Og som ei av verdas fremste vintersportnasjonar, skuldar ikkje vi dei olympiske vinterleikar mykje av vårt norske fellesskap?

For dei paralympiske og olympiske vinterleikane tilhøyrer ikkje dei få og rike

Det tilhøyrer ho som står opp klokka 05 for å trene, og han som står opp endå tidlegare for å vekke ho.

Det tilhøyrer dei som står i sofaen når vi vinn, og dei som græt når vi taper.

Det tilhøyrar dei som spelar ishockey i rullestol, og dei som gjer dét mogleg.

 

Det tilhøyrer oss, folket.